Telefon

+47 40182649

E-post

eideshotel@gmail.com

Åpningstider Restaurant/Bar

Tor - Søn 13.00 - 20.00

Eides Hotell – det første hotellet i Høyanger

av Gaute Ljotebø | mar 29, 2024 | AktueltHistorisk arkivFoto av Eides Hotell i Høyanger.

Det første hotellet i Høyanger vart reist på tuftene til den gamle husmannsplassen Hagen under Hjetland. Her regjerte enka «Guri i Hagen». Då industrien kom til Høyanger i 1916 bygde ho saman med svigersonen Anders C. Eide opp eit hotell på staden der husa stod. Hotellet bar etter kvart hans namn, men det var Guri Hagen som reiste mesteparten av kapitalen.

Eides Hotell etter ombygging/utviding i 1921.

Eides Hotell etter ombygging/utviding i 1921. (Foto: Eugen Nordahl Olsen senior/Fylkesarkivet i Vestland)

SFFf-1994100.131235

Eit familie hotell 

Guri Hagen (Hjetland) (1857-1942) vart tidleg enke då mannen Johannes Øyra (1855-1887), som var jekteførar, drukna i Bergen. Ho fekk skilt ut eit stykke jord frå Øyra (Øren) og Hjetland, slik at ho skulle kunne klare seg. Dette var den tidlegare husmannsplassen Hagen under Hjetland (Hjetland 60/3 Hagen) som vart slått saman med Øyra 59/2.  Då industrien kom til Høyanger nekta ho å selje den vesle jordflekken sin til NACo, men måtte til slutt gi seg. Ho fekk 90 000 kroner for bruket, samt 3 kilowatt elektrisk kraft. Salet gav grunnlaget for hotellet som kom til i 1916.

Eine dottera til Guri Sigrid (1884-1918) utvandra til Amerika. Der gifte ho seg med Anders C. Eide (1887-1945) i 1911. Han kom frå Bergen, men var opphavleg frå Bygstad. Sigrid og Anders kom attende til Norge i 1914. Då var Sigrid gravid med Gertrude (1914-2005). I 1917 vart sonen Arthur (1917-1954) fødd. Etter at Sigrid døde i 1918, gifte Anders C. Eide seg oppatt med søstera til Sigrid  Hanna (1881-1973) i 1923. Dette var utgangspunktet for familien som eigde og drifta hotellet som bar namnet Eides Hotell.

Foto viser familen Hagen og Eide framfor Eides hotell i Høyanger.

Frå venstre Guri Hagen, Andrea «Drea» Eide (søster til A. C. Eide), Hanna Hagen (seinare gift med A. C. Eide), Anders C. Eide, barna hans: Arthur (på armen) og Gertrude (foran), til høgre Johanne Hagen. Hanna og Johanne var døtre av Guri. Johanne vart gift Mosness i Drammen. (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior/Fylkesarkivet i Vestland)

SFFf-1992050.168338

I starten var det Guri Hagen og Anders C. Eide som eigde hotellet. Etter at dei døde tok Hanna Eide over. Frå rundt 1960 var det dotter til Sigrid og Anders, Gertrude, som stod som eigar.

Gertrude, eller «Baby» som ho var omtalt til dagleg, gifte seg først med Kjell Rønne i 1944. Dei fekk barna Tore, Åse og Arthur-Kjell «Atten». Gertrude skilde seg og gifte seg opp att med Jostein Søreide i 1964. Det er Jostein som er opphavet til namnet Joss Pub. Tore Rønne gifte seg med Else i 1970. Tore og Else  Rønne drifta hotellet i mange år. Gertrude «Baby» Eide Søreide stod som eigar av hotellet fram til ho døde i 2005.

Hotellet hadde i 1916 15 senger. Det gamle gardshuset til Guri vart bygd inn som ein del av det nye hotellet. Hotellet vart utvida i 1921, 1936 og 1973, og fekk etterkvart 40 senger.

Foto av 25 gjester som sit rundt eit bord i etestova på Eides hotell.

Johan Øren sin 50-årsdag vart feira på Eides Hotell med familie og kollegaer i 1930. På veggane ser ein dekoren som Rudolf Krogh malte i 1927 (Foto: Eugen Nordahl-Olsen senior/Fylkesarkivet i Vestland)

SFFf-1994100.121059

Nye eigarar

I 2006 kjøpte Roy Solbakken frå Førde Eides hotell. I 2008 selde han det vidare til Frank Ove Ytredal. Hotellet fekk no namnet Høyanger Hotell. Hotellet var i drift i Ytredal sin regi fram til juni 2019, då hotellet vart stengt ned. I april 2020 vart hotellet seld til investorane Jon Erik Brox Holme, Idar Kollsete og Leiv Dag Hollekve frå Sogndal, som skifte namnet attende til Eides Hotell. Dette var midt under den nasjonale koronanedstenginga denne våren, og hotellet kom ikkje i drift att. Slik var det ein lengre periode, sjølv etter at samfunnet opna opp att.  Dette til fortviling for lokalbefolkninga, som no mista ein viktig serveringsstad og møteplass. I starten av desember 2022 starta KaffeTelegrafen opp med serveringsverksemd i første høgda på hotellet under namnet Eides Pub. Denne aktiviteten var lagt ned i juni 2023, og Eides hotell stod på ny tomt.

I januar 2024 kom gladmeldinga om at hotellet var selt på ny til ei gruppe med 13 investorar, som i stor grad kom frå Høyanger. Arvid Lønne hadde eit halvt år i førevegen sett i gong sonderingar om eit mogeleg kjøp av hotellet. I byrjinga hadde han Hroar Holm Carlsen med på laget. Etter kvart kom det til fleire interessentar. Dei øvrige investorane bak kjøpet var: Bjørn Ståle Helle, Marcin Rusin, Are Øvreås, Aurora Bekkevold, Olav Jordal, Elias Haugsbø, Melkesyrefestivalen AS, Trond Gandrud, Tommy Aasen og Reidar Grønli (styreleiar).

(edit)Dagens nåværende eiere er: Hroar Holm Carlsen, Tommy Aasen, Bjørn Ståle Helle, Arvid Lønne, Synne Øren, Izabela Carlsen, Elias Grønvold Haugsbø, Are Øverås, Trond Gandrud, Melkesyrefestivalen AS og Simen Arntsen.(/edit).

Motivet bak kjøpet var ikkje først og fremst økonomisk, men meir eit ønske om å få lys og aktivitet i huset igjen, og gjere hotellet på nytt til ein lokal møteplass. Fredag 15. mars var det nyopning på ærverdige Joss Pub med nyoppussa lokale, etter å ha vore stengt i nesten 5 år. Skjærtorsdag 28. mars var det offisiell opning av Eides Hotell først på dagen, og med den tradisjonelle påskerocken på Joss på kvelden.

Foto av gruppe og publikum som spelar på Joss.

Ein ny generasjon på scena på Joss. Høyangerbandet H med her frå venstre David Nesse gitar, Hedda Ølmheim sang, (halvveis gøymd bak Hedda) Kjetil Kvamme Nilsen bass og Leander Larsen gitar. Med seg i bandet hadde dei veteranane Rune Ølmheim (far til Hedda) på trommer og Ståle Walsvik på keyboard. (Foto: Gaute Ljotebø)

Eit levande kulturminne

Etter nokre stille år, der frykta for forfall var reel. Ser det i 2024 ut som ei ny tid er på veg for det tradisjonsrike hotellet. Korleis den blir, kan berre framtida svare for. Det er von om at dei nye eigarane ser den kulturhistoriske verdien til Eides Hotell. Det tradisjonsrike hotellet har behalde sin historiske stil utvendig. Innvendig er det og mykje historie i veggane. Ikkje minst vegmåleria til Rudolf Krogh i matsalen. Noko som han etter sigande skal ha malt for kost og losji medan han budde på hotellet i samband med at han arbeidde med veggmåleria på Valhall i 1927.

Hotellet har vore ein viktig sosial samlingsstad for industristaden. Der folk har møttest i både glede og sorg. Folk og familiar har møttest åremålsfestar, konfirmasjonar, bryllaup og gravferd. Det er ein viktig lokal utelivstad. Hotellet har vore ein viktig arena for kulturlivet, der helst livemusikk står på plakaten. Ein periode på 1980- og 1990-talet var Joss Pub kanskje den mest kjende rockescena i Sogn og Fjordane. Eides Hotell med opphav på husmannsplassen Hagen, er eit levande kulturminne som har levd med industristaden Høyanger frå starten av.

(Denne artikkelen har sitt opphav i Høyanger Industristadmuseum sin blogg: https://industristadmuseet.wordpress.com, og er ein oppdatert og redigert versjon av denne artikkelen.)

Kjelder:
Førsund, Adolf og Førsund, Sigurd. 1963. Bygdebok for Kyrkjebø – Band II. Gardsoga. Høyanger.

Førsund, Adolf. 1995. Bygdebok for Kyrkjebø – Band I. Ættebok for Kyrkjebø. 3. opplag. Oppdatert tillegg til 1994. Høyanger.

Ytre Sogn:

Tysdag 8. november 2016, tysdag 5. mai 2020 (Nettv. 30.04.2020: https://ytresogn.no/no-er-hoyanger-hotel-seld)  tysdag 6. desember 2022 (Nettv. 7.12.2022: https://ytresogn.no/suksessopning-for-eides-pub/07.12-08:12),  tysdag 16. januar 2024 (Nettv. 12.01.2024: https://ytresogn.no/eides-hotell-er-selt/17.01-08:01)

Fylkesarkivet i Vestland:

https://foto.fylkesarkivet.no/foto

(Foto frå Høyanger verk sitt fotoarkiv med søketekst; Eides hotell)